Vestland fylkeskommune viser til søknad motteken 27.10.2025 frå Norwegian Mountain Salmon AS om løyve til etablering av anlegg for oppdrett av settefisk og matfisk av laks og aure ved Kvalvågen i Utsira kommune. Sidan sakshandsamar i Rogaland fylkeskommune er inhabil på grunn av sin nære tilknyting til Utsira er Vestland fylkeskommune oppnemnd som settefylkeskommune ved handsaming av denne søknaden.

Kartet syner anleggsplassering med trase for utslepps- og inntakstunellar.
Om søknaden
Norwegian Mountain Salmon AS vil bygge eit landbasert akvakulturanlegg for laks og aure med gjennomstrøymingsteknologi. Sjølve anlegget vil bli etablert i fjellhallar.Søknaden gjeld ein samla årleg produksjon av 35 000 tonn, der 7000 tonn vil vera settefisk og 28 000 tonn er matfisk. Maksimalt tillaten biomasse (MTB) vil vera inntil 11 200 tonn i matfiskanlegget og inntil 2800 tonn MTB i settefiskanlegget.
Heile anlegget skal drivast ved bruk av sjøvatn, og vil vera uavhengig av eigen ferskvasskjelde. NVE har konkludert med at omsøkt anlegg ikkje treng ytterlegare vurdering etter vassressurslova. Avlaupet frå anlegget vil bli reinsa i trommel eller diskfilter med utslepp på 30 meter djup i sjøen vest for anlegget. Omsøkt areal er i kommuneplanen sin arealdel (KPA) sett av til landbruk, natur og friluftsformål (LNF), drikkevatn og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Det er starta arbeid med reguleringsplan for området. Status for reguleringsplanen er at fyrste gongs høyring er gjennomført og det er dialog med instansane som har motsegnsrett for å finne løysingar som gjer at motsegn kan trekkast. Utsira kommune har tilråd at søknad etter akvakulturregelverket kan handsamast samstundes med handsaminga av reguleringsplanen. For ytterlegare detaljer viser vi til søknaden.
Om KU
Tiltaket fell inn under vedlegg II i forskrift om konsekvensutgreiingar for tiltak etter sektorlover. Søknaden skal då handsamast etter § 10 i forskrifta. Såkalte vedlegg II-tiltak kan berre påleggast «supplerande utregreiingar» dersom det er venta at tiltaket vil få vesentlege verknader som ikkje allereie er gjort greie for i søknaden. Søknaden er supplert med rapportar for området som omhandlar konsekvensar av tiltaket og verdivurdering av naturmangfald. Denne gjev grunnlag for vurdering av verknader av omsøkt tiltak for miljø og samfunn. Rapportane gjev utfyllande informasjon og vurderingar knytt til dei ulike punkta i søknadsskjemaet for akvakultur i landbasert anlegg. Det meste av dokumentasjonen er basert på tilgjengeleg informasjon og kjent kunnskap. Dei ulike deltema er skildra grundig.
Vedlegg til konsesjonssøknaden:
Konsesjonssøknad 25_00258-1 Konsesjonssøknad NMS_Utsira 284738_1_1
25_00258-1 14 Konsekvensutredning landskapsbilde 284725_1_1
25_00258-1 12 Konsekvensutredning friluftsliv 284723_1_1
25_00258-1 13 Konsekvensutredning kulturmiljø 284724_1_1
25_00258-1 15 Konsekvensutredning naturressurser 284726_1_1
25_00258-1 16 Konsekvensutredning terrestrisk natur 284727_1_1
25_00258-1 17 Konsekvensutredning marint naturmangfold 284728_1_1
25_00258-1 19 Topografisk sjøkart med inntaks- og utslippspunkt 284730_1_1
Det meste er redegjort for i Konsesjonssøknaden, men i tillegg finnes det: Biosikkerhetsplan, NVE sin vurdering, spredningsmodellering, utslippsberegning, internlogistikk matfisk, Produksjonsplan 90-3300 g, produksjonsplan 3300 – 5500 g, Beredskapsplan og IKsystem, og prosessanleggskisse.
Fylkeskommunen si vurdering er at miljødokumentasjonen i søknaden gir godt nok grunnlag for å vurdere om tiltaket får vesentleg verknad for miljø og samfunn, jf. vedlegg III i forskrifta. Dersom berørte partar meiner tiltaket kan få vesentlege verknader, og desse verknadane ikkje allereie er tilfredsstillande gjort greie for i søknaden, må dette meldast til fylkeskommunen innan 4 veker etter kunngjering. Vi minner om at det er fagmyndigheitene for dei respektive kriteria i vedlegg III som skal vurdere om dei meiner tiltaket kan få vesentlege verknader innanfor sitt område og eventuelt melde dette inn til fylkeskommunen. Det skal konkretiserast kva forhold som bør utgreiast nærmare. Offentleg utlysing og kommunal uttale
Vestland fylkeskommune ber om at Utsira kommune vurderer søknaden, samt legg søknaden ut til offentleg ettersyn, i samråd med søkjar, i ein periode på 4 veker.
Eventuelle merknader frå offentleg ettersyn og kommunen sin uttale, ber ein om vert send til Vestland fylkeskommune snarast råd. Dersom noko er uklart i samband med handsaming av søknaden, ber vi om at De tek kontakt.
Med helsing
Endre Korsøen
seniorrådgjevar
INN – Naturressursar, landbruk og reiseliv